VERKSTADEN VÅR
På verkstaden vår jobbar det mekanikarar med lang erfaring innan alle typar bilmerke. I tillegg er vi merkeverkstad for bilmodellen Hyundai. Hos oss får du utført service, reperasjonar og periodiske køyretøykontrollar på ein profesjonell og grundig måte. Godt bilhald handlar om tryggleik på vegen for deg og dine! Ta turen innom oss, så skal vi ta vare på bilen din slik at du skal sleppe bekymringar!
HJELP NÅR BILEN STREIKAR
Både nye og gamle bilar kan veghjelp innimellom. Eid Motor har bilberging for både Redgo og SOS Veihjelp/NAF i Nordfjord. Dette betyr at hjelpa aldri er langt unna dersom du får problem med køyretøyet ditt i denne regionen. Ta gjerne ein kikk på nettstadene til Redgo og SOS Veihjelp/NAF for å finne ut kva fordelar du får som medlem i ein av desse bilassistanseorganisasjonane.





